
Prosjekttilskot
Kulturrådet har gjennom ei årrekkje lagt vekt på å støtte tiltak på område i kulturvernarbeidet som trer fram som forsømte, eller der det er avdekt spesielle behov. Dei siste åra er prosjekt relatert til kulturelt mangfald og dokumentasjon og formidling av vår samtid og nære fortid blitt særleg prioritert. Desse tema får stor merksemd også i Kulturrådets strategiplan for perioden 2006-09. Dei disponible midlane i Norsk kulturfonds avsetning til kulturvern i 2009 er kr 11,2 millionar. Kven kan søkje? Kulturrådet har gjennom ei årrekkje gitt støtte til ekstraordinære tiltak ved dei kulturhistoriske musea i Noreg. Etter vedtak i Stortinget er denne ordninga avvikla med verknad frå og med budsjettåret 2007, og omdisponert til musea som inngår i det nasjonale museumsnettverket. I tråd med signala i Statsbudsjettet, skal museum som inngår i dette nettverket ikkje søkje Norsk kulturråd om prosjektstøtte. I lys av nemnde Stortingsvedtak, vil Kulturrådet si avsetning til kulturvern med verknad frå og med 2007 bli nytta til kulturvernprosjekt i regi av kulturvernaktørar som ikkje er del av det nasjonale museumsnettverket. Samiske museum og museumseiningar som ikkje er konsoliderte kan såleis framleis søkje om prosjektstøtte. I tillegg til desse opnar Kulturrådet for prosjektsøknader frå t.d. arkiv, bibliotek, frivillege lag og organisasjonar, filmprodusentar, kommunar, fylkeskommunar og privatpersonar. Kulturrådet kan òg vurdere støtte trykking av fagbøker av nasjonal interesse. Merk at det er forlaget som skal stå som søkjar, og at det må leggjast ved både trykkjeklart manuskript og eit særskilt skjema (sjå nedanfor). Det blir ikkje gitt støtte til forfattarar til utarbeiding av manuskript eller manusførebuande arbeid.
Søknadsfristar: 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember
Krav til søknader
Øvre grense for tilskot på kulturvern er vanlegvis ein tredel av totalkostnaden, og rådet stiller normalt krav om lokal finansiering. Det er ein føresetnad at prosjekta har ei solid fagleg forankring. Ved søknader om støtte til trykking av fagbøker skal det leggjast ved trykkjeklart manus og særskilt skjema Faglitteratur kulturvern.bokmål.doc Vurdering av søknader dokumentasjon og formidling knytta til:
Kvar enkelt søknad på området blir vurdert i forhold til kulturvernfagleg forankring og relevans i forhold til desse satsingsområda. Enkeltsøknader blir dessutan vurdert i forhold til den totale søknadsmengda. Ei rekkje faktorar og kriterier ligg samla til grunn for tildeling av prosjektstøtte. Mellom desse kan nemnast:
Tiltak som ikkje kan få stønad
Behandling av søknader Norsk kulturråd har vanlegvis fire møter i året der søknader blir behandla. Det første blir halde i mars, der kulturvernsaker som kom til søknadsfristen 1. desember behandla. Denne fristen gjeld i hovudsak for større prosjekt og tiltak. Elles behandlar fagutval og råd søknader etter fastsett møteplan.
Sist endra: 11.06.10 |