
ProsjektstøtteKulturrådet har ein avgrensa sum til ulike formidlingstiltak for barn, ungdom eller vaksne. Her kan enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar søkje i brevform. Det ligg ikkje føre fastlagde skjema som skal brukast. Søknader kan sendast inn 1. mars, 1. juni, 1. september eller 1. desember, og må vere Norsk kulturråd i hende minst to månader før utgiving eller arrangement. Handsamingstid er om lag tre månader. Fagleg utval for litteratur har normalt møte fire gonger i året: ultimo februar, medio mai, medio september og medio november. Kulturrådet kan gi tilskot til desse tiltaka på litteraturområdet:
Kulturrådet gir ikkje støtte til utvikling eller utarbeiding av skjønnlitterære manuskript. I særskilde tilfelle kan rådet vurdere å gi tilskot til innsamlings- og katalogiseringsarbeid som seinare skal presenterast i bokform. I tilegg til søknadssum må søknaden innehalde ein grundig presentasjon av prosjektet eller tiltaket, kven det er mynta på, kven ein eventuelt samarbeider med, og budsjett med finansieringsplan. I budsjettet må marknadsføring og eigeninnsats spesifiserast. For søknader om tilskot til arrangement i samband med seminar, festivalar, litteraturdagar osb. må søkjar sende inn eit (førebels) program, som eventuelt må stadfestast før løyvinga blir utbetalt, og bakgrunnsinformasjon (kort CV) om deltakarar og innleiarar der søkjar reknar med at det er nødvendig. For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.
Sist oppdatert: 31.08.10 |